ARTIKKEL FRA FØR OG NÅ 2021
Av Knut Hermundstad
I 1937 var eg på Høve i Vestringsbygdi i Nord-Aurdal og granska stølsbruket i Valdres. Her fekk eg høve til tala med Anne Lykke Pauline Brandt Kjelsen, som var fødd den 16. februar 1846. Ho var då såleis 91 år, men likevel var ho uvanleg tankeklår og hadde godt hugs. Ho fortalde:
“Han far heitte John Brandt og var bror til stortingsmann Brandt. Far var bonde og forretningsmann. Han kjøpte og seide skogar og dreiv tre teglverk: Haugerud, Riisverket og Bislet. Han budde på Haugerud nær Sognsvatnet i Vestre Aker. Her vart far godt kjend med Aasmund Olavson Vinje. Ofte var Vinje på Haugerud. Fyrste gongen henta far han nede i byen med greiv Rabens jaktvogn med to hestar føre. Det var fire systrer av oss og ein bror:
- Jenny Eli Kristine, som seinare var gift med Ole Brandt på Ølken i Vestre Slidre.
- Bertha som vart gift med bonde Westy Ødegaard på Skaugerud, Vestre Toten.
- Karen Petronelle Helene Elisabeth Katerine, som vart gift med professor Siewers ved Luthers College i U.S.A.
- Og så var det eg.
- Broren var Nils Anker, som vart kand. teol.
Vinje lika å leike med oss. Eg hugsar at han kalla oss “småfuglane mine”. Stundom skulle han sjølv vera satyr og me nymfer. Då hengde me kring halsen hans ein krans me hadde laga, av hestesyre. Om kvelden hadde far ordna til ein hest med kariol som skulle skysse Vinje til byen att. Vinje og skyssguten var alt køyrde ut or tunet, då far sa til oss:
“Kan hende Vinje hadde vitja vore hjå oss i natt?”
Me ropa alle i kor: “Å ja, lat han få vera det!”
Då sprang far etter skyssen, fekk stansa han og sa til Vinje: “Du hadde kan hende hug til å bu hjå oss i natt?”
Vinje takka og let vel fordi han skulle få vera. Så køyrde kariolen inn på tunet att, og me fekk den hugnaden å ha Vinje hjå oss til dagen etter.
Ofte kom Vinje sidan til Haugerud, me hadde det inntrykket at han lika seg godt hjå oss. På Haugerud sat Vinje og skreiv fleire av dikti sine. Tek eg ikkje i miss, så skreiv han Lenda frå Land på Haugerud.
Vinje var stygg å sjå på, og det visste han sjølv og. På eit studentmøte han var på, var det nokre som ville helse på han, men dei kjende han ikkje og spurde så nokre kven Vinje var. “Den styggaste mannen som er på møtet, er Vinje!” vart det svara til. Så gjekk dei stad helsa på professor Friis og spurde om han var Vinje. Dette tala Vinje om ofte og lo og moroa seg over det.
Men då Vinje (i 1863) fekk fast post i Justisdepartementet og skreiv om staten som det store fehus, vart far og Vinje usamde. Vinje – som hadde vore så mykje på Haugerud og ofte hatt det så gildt der – sa at dette skulle han likevel hugse på. Men det fekk han nok lite høve til. Han var lite takksam såleis.
Far gjorde likevel mykje for han. Han var godt kjend i Valdres, og han var ein av dei som hjelpte han mest med å få reist bu åt han på Eidsbugarden. Men i pantebrevet vart ikkje far nemnd med eit ord.
Det var oppe på Haugerud at Vinje vart kjend med den seinare bispen A. Chr. Bang, og her knytte han venskap med han for livet. Så vart Vinje gift (i 1869) med Rosa Kjeldseth. Jon Klæbo og eg gjekk ned i Veste Aker kyrkje – ein fjerdings veg – og såg på at Vinje vart vigd. Det var eit interessant minne. Etter dette såg me ikkje noko til Vinje på ei tid. Men kona hans levde berre knapt eit år. Då ho var borte, kom Vinje att, og vanka no av og til på Haugerud. Fyrste gongen han kom att, sette han seg til på kjøkenet, og så sa han til oss gjentone: “No skal me ha det som før, smågjentone mine”.
Såleis sa han det, endå eg var over 20 år, og systrene mine var eldre. Me lika han godt, for han var eit stort barn, morosam og liketil.
Vinje tala mykje om Jotunheimen til oss, den tid han var på Haugerud, og det gjorde nok sitt til at me fekk hug til å verta fjell-turistar. Ei fire, fem gonger var me i Jotunheimen.
Det var sårt at Vinje fall bort så tidleg. På Haugerud vart han sakna av alle.”
Så langt fortalde Anne Brandt Kjelsen.
Kilder: Artikkelen ble trykt i “Valdres” 29. april 1955.
